Ok folkens, det er lenge sidan sist og på tide med ei oppdatering! Me har jobba jevnt og trutt med plata sidan nyttår og plata byrjar å ta endå meir form. Sidan alle i bandet er småbarnsforeldre så tar dette litt lenger tid enn ein skulle tru... Me tar oss også tid til å øve på å spele live og me tok også bandbilder i helga. Desse skal dykk få sjå så snart me har dei. Fotografen vår Tone Beth jobbar med saken as we speak og me ser fram til å få sjå det ferdige resultatet. Me jobbar som sagt med livesettet vårt og håpar på at det skal bli spelejobbar i tida som kjem, me er i samtale med både utestadar og festivalar. Så snart me veit meir skal dykk få vete det!!
Me snakkast/skrivast/sjååast snart! :)
No comments:
Post a Comment